Endeleg førsteplass!
I helga vart det arrangert Ravnanger musikkfestval på Askøy. Langeland skulekorps deltok for 4. gong i 3 divisjon, og endeleg tok me 1. plassen. Musikantane har øvd mykje fram mot konkurransen og dette gjenspegla seg også i kommentarene frå dommarane. Mykje skryt å få for både blåseinstrument og slagverk. Me har eit korps fullt av dyktige musikantar som me satsar på å behalda i mange år framover. Med ein snittalder på berre 12 år, er det gode moglegheiter for det. Aspirantene våre var også med på turen og deltok på eit eige aspirant-seminar. Til slutt hadde dei konsert saman med Ravnanger brass, der dei spelte eit stykke frå filmen Trollz. Aspirant-tilveksta vår er god, men me har alltid plass til fleire aspirantar. Alt i alt har det vore ein sosial og kjekk tur, der heile korpset har reist i lag med buss til og frå. Me er veldig stolte av alle i korpset vårt! Tor-Olav Berg, Leiar, Langeland Skulekorps
Publiseringsdato 22.03.2026