Framleis i Norgestoppen!

Fitjar Skulekorps tok 2. plass i 2. divisjon under NM for skulekorps i Stavanger konserthus laurdag – og stemninga stod i taket! Etter mykje øving, innsats og lagånd, fekk me løn for strevet. Me stilte til start i 2. divisjon for brassband, og konkurransen var hard, men musikantane våre leverte med presisjon, energi og ekte speleglede. Me framførte det storslåtte og krevjande stykket Ex Terra Lucem – eit verk som verkeleg utfordrar både teknisk og musikalsk. Stykket har tre delar, og handlar om byen St. Helens si reise frå jord til lys – eit symbolsk og kraftfullt tema som også speglar vår eiga utvikling som korps. Musikantar og dirigent leverte ein framifrå musikalsk prestasjon på scenen og publikum fekk ei nydeleg musikalsk oppleving. Korpset, som er stifta i 1960, har i dag 34 musikantar i hovudkorpset og sju i aspirant- og juniorkorpset. Me er eit inkluderande og positivt miljø der alle får plass, og det er kanskje nettopp dette som gjer at me har klart å halda medlemstalet oppe i ei tid der mange korps slit. Her på Fitjar spirer og gror det, og denne NM-sigeren er eit bevis på at Fitjar skulekorps er i toppform. Både musikalsk og sosialt. Å få spela på scena i sjølvaste Stavanger konserthus, er ei oppleving for livet, som vert ytterlegare forsterka av den gode plasseringa. Me vil takka dirigenten vår Svein Roger Koppang for den formidable innsatsen han legg ned før ein slik prestasjon, og støtteapparatet, foreldre og heile bygda for all støtte – dette er ein siger for heile Fitjar! Heia Fitjar skulekorps! Korpset har 65-årsjubileum i år og feirar det med å reisa vidare til Nordsøfestivalen i Danmark. Her skal dei igjen delta på fleire konkurransar, mot 20 andre norske korps. Musikantane ligg ikkje på latsida, men det skal bli tid til både aktivitetar og mykje kjekt sosialt! Leiar Fitjar Skulekorps, Iren Eide Helland

Publiseringsdato 22.06.2025




Kultur