Fitjar skulekorps viste kva dei er laga av
På laurdag strålte dei verkeleg og tok heim førsteplassen, samt napp i vandrepokalen på Bømloblåsen.
Ein gratulasjon går også til Sebastian Lie Koppang, som blei tildelt solistprisen.
Me er så stolte av denne fantastiske gjengen som gong på gong imponerer med sitt nivå og dedikasjon.
Dommarane trakk fram den gode klangen i korpset, den flotte stilforståelsen, og ikkje minst den tekniske briljansen dei viste. Det er ingen tvil om at Fitjar skulekorps har ein gjeng flotte og dyktige musikantar.
No ser me fram til deltakinga i andredivisjon på Fanafestivalen 16.november!
Svein Roger Koppang - Dirigent
Publiseringsdato 13.11.2024