Ei motiverande helg for denne gjengen

Tre symjarar frå Stord IL symjegruppa var kvalifiserte, og deltok på Bergen Swim Festival 3. til 6. april. Dette er eit stort, internasjonalt stemne, der heile noregseliten, og dessutan ei rekke internasjonale toppsymjarar, deltek. Snorre Eldøy Rosland, Viktoria Psotova og Nora Klimek skulle til saman symja ti øvingar i løpet av helga. Alle tre leverte gode prestasjonar, og det vart notert nye personlege rekordar i det 50 meter lange bassenget. Høgdepunktet i helga var likevel å sjå på når dei internasjonale stjernene fossa fram i bassenget. Det vart fleire rekordløp, og symjarane fekk sjå prestasjonar i verdsklasse. Både trenarar og symjarar var godt nøgde med helga, og gjengen reiste heim med ny inspirasjon og motivasjon for vidare trening og gode prestasjonar. Zuzana Sadovska, Stord IL symjegruppa, foreldrekontakt

Publiseringsdato 09.04.2025




Sport