Knallsterk sesongavslutning

Helga 13.-15. juni deltok sju symjarar frå Stord IL symjegruppa på AdO cup i AdO-arena i Bergen. Dette var eit stort nasjonalt stemne, der det var med over 500 deltakarar og om lag 30 klubbar frå heile landet. Symjarane frå Stord markerte seg med svært gode prestasjonar. Nora Klimek, som deltok i klassen for yngre junior, vart kåra til beste junior på stemnet. Denne utmerkinga fekk ho etter ein imponerande finale på 50 meter fri. Nora fossa inn til gull, med tida 28.7. Dette var raskt nok til at ho samstundes kvalifiserte seg til UM som går av stabelen i same basseng til hausten. Nora sikra også gull i finalen på 50 butterfly med tida 31.9. Snorre Eldøy Rosland klarte også å kvalifisera seg til finale, med tida 1.29.75 på 100 meter bryst. Mest jubel vart det nok då stafettlaget til Stord kvalifiserte seg til finalen på 4 x 50 meter medley. Sigurd Ottesen (rygg), Snorre Eldøy Rosland (bryst), Nora Klimek (butterfly) og Viktoria Psotova (crawl) kjempa side om side med dei andre laga, og enda til slutt på ein flott 5. plass. Med mange gode prestasjonar, nye personlege rekordar og fleire medaljar var både symjarar og trenarar godt nøgde med helga. Det er kjekt for ein liten symjeklubb frå Stord å kunna hevda seg i toppen når symjarar frå heile landet er samla til dyst! Gunnhild Litlabø, Stord IL Symjing, foreldrekontakt

Publiseringsdato 16.06.2025




Sport