Gøy start på sommarferien for Stord G12!

20. til 22. juni reiste 23 spelarar, fordelte på to jamne lag, til Stavanger for å delta på OBOS Ungdomscup i regi av FK Vidar. Med 242 påmelde lag i alderen 12–17 år var det duka for fotballfest! Fordelt på to rom, kom me oss på plass på Lassa skule med flott plassering midt i cupområdet. Sandvolleyballbanane rett nedanfor skulen var flittig i bruk og det var mykje sand å finna i det meste gjennom heile helga. Laurdagen kom og me var kampklare! Mykje bra spel av gutane og me enda med tre sigrar og eitt tap! Så bar det vidare til Hinna Arena for å støtta Stord sitt A-lag i kampen mot Hinna. Gutane ropte, heia og jubla av full hals – ein fantastisk heiagjeng som gav alt! Det blei ein målfest, men enda dessverre 5–4 til Hinna. Resten av laurdagen gjekk til chill ved skulen, x-antal besøk på Kiwi og bading i Møllebukta i Hafrsfjord, før me avslutta kvelden med brus og pizza ute i finvêret! Sjølv om vêret slo om på søndagen jobba gutane godt og me enda nok ein dag med tre sigrar og eitt tap, totalt seks sigrar og to tap, det er me nøgde med. Laga me møtte gjennom helga var: Bjarg, Løv-Ham, Madla, Kopervik, Lura og Vidar, det var kjekt å måla krefter mot andre lag enn dei me til vanleg møter i serien. Stemninga var god gjennom heile helga. Det var fint å sjå korleis gutane koste seg i lag, gleda dei viste når dei scora, når nokon gjorde ein god innsats på banen, eller når laget vant ein kamp. Skuffelsen var stor når me tapte, men gutane henta seg fint inn igjen. Alt dei opplever i lag i ein slik cup, både på og utanfor banen, skaper tettare band og samhald. Dei er ein herleg gjeng som me er heldige å få dela desse augeblunka i lag med. Takk til det dyktige og engasjerte trenarteamet som var med å gjorde helga flott på alle måtar: Olav Sævareid, Odd Naustdal, Ole Christian Kvamme, Haavard Gjelstad, Kjartan Tharaldsen og medlagleiar Mone Nilsen. Årets fotballhøgdepunkt utan tvil! Meistring-glede-samhald Astrid Mikkelson, Lagleiar Stord G2013

Publiseringsdato 24.06.2025




Sport