Sommarrapport frå Stord-løpar i Nederland
Erlend Belsvik representerte Stord IL Skeiser under ei treningssamling i Heerenveen, Nederland, arrangert av Team Sørmarka. Han er ein av tre skeiseløparar frå Stord som held til i Stavanger og trenar med dette laget. På flate veier og rask is, nytta han starten av juli til å testa formen saman med eliteløparar frå resten av Europa. Thialf er hallen som omtalast som skeisesentrum i verda. Den er kjend for fulle tribunar og lynraske sluttider. Isen dei lagar om sommaren virkar å vera vel så god som om vinteren. Dagane fauk av garde, anten det var på sykkel, skeiser eller i bil. På ti dagar registrerte gjengen 26 treningstimar, med stroopvaflar, haribo og Milka-sjokolade som bensin. «Det handlar om raske rundetider, uansett tannhelse», humrar 23-åringen frå Leirvik. Trass mykje trening, var det derimot ei ujamn døgnrytme viste seg å vera den største fienden for gjengen som reiste frå Stavanger. Reiseleiar hadde nemleg funne eit nydeleg feriehus som tilfeldigvis befant seg ein dryg halvtime unna hallen. Med tildelt treningstid klokka 08.00 betydde det ein grytidleg alarm for å rekkja den nødvendige literen med nederlandsk kaffi. Erlend gjev likevel tommel-opp, no som samlinga er ferdig og beina heng høgt i steikjande sol på Fitjar. Denne perioden må nytast, for det er ikkje veldig lenge før skeisene skal snørast igjen i Vikingskipet på Hamar i starten av august. Ryktene skal ha det til at mange løparar frå Stord tek turen dit! Erlend Belsvik, Stord IL Skeiser, utøvar
Publiseringsdato 16.07.2025
