Fotballfest
Denne fine gjengen med 13-, 14- og 15-åringar frå Solid/Stord har vore i Bergen i helga og spelt cup mot gode 1. divisjonslag i J16-klassen. Jentene får verkeleg vist kva dei er gode for og tar seg ubesigra gjennom gruppespelet til A-finalen utan baklengsmål! Finalen ender mållaust til tross for godt spel og fleire store målsjansar til Solid/Stord. Motstandar Kvernbit trekker det lengste strået med strålande keeperprestasjonar i straffesparkkonkurransen, og våre jenter ender på 2.plass. Alle involverte er imponerte og fornøgde med prestasjonen som viser at hardt og målretta arbeid på trening gir gode resultat, dei har fin utvikling i alle deler av spelet! Det aller viktigaste denne helga er derimot dei kjekke sosiale opplevingane, hotellfrukost, samtalar, dansar, quizar, spel, måltid, smil, på-kanten-vitsar og glede me alle har delt. Takk for ei fin helg, jenter -- de er ein drøm å ha med på cup. Linda (på vegne av heile støtteapparatet), lagleiar Solid/Stord J 16
Publiseringsdato 18.11.2025