Stord Karateklubb oppnår store resultat i NM

Det var ein stor dag for Stord karateklubb då NM gjekk av stabelen i Stange 14. mars 2026. Klubben stilte med seks deltakere: Karoline, Malene, Blanka, Tiril, David og Kristoffer. I tillegg til Kjærland Sensei som stilte som dommar. Sjølv om me dessverre måtte klara oss utan ein av utøvarane som blei sjuk, var stemninga i hallen god. Her er oversikt over resultata: Blanka Mazik: Sølv lagkata 18+ Karoline Jæger Midtlid: Sølv lagkata 18+ Malene Agasøster Gangdal: Sølv lagkata 18+ David Davitkovski: Sølv kumite 14-15 år, open Kristoffer Mjøs Hansen: Norgesmeister kata menn 18+ open (elite klassa). Dette resultere i Bestemannsprisen for herrar. Det er eit utruleg sterkt resultat. Kjærland Sensei stilte som dommar. Det var ein lang dag med mange spennande kampar, og med over 400 startarar var det klart at dette var ein meisterskap av høg kvalitet. Stord karateklubb viste seg fram med imponerande prestasjonar og kom heim med ein solid medaljefangst. Det er utruleg kva ein så liten klubb som vår kan oppnå. Kvaliteten på treningane våre er svært høg, noko som tydar på det gode arbeidet som både utøvarar og trenarar legg ned. Det er svært inspirerande å sjå kor mykje innsats og trening som ligg bak kvar einaste teknikk. Denne meisterskapen er eit bevis på at hardt arbeid løner seg, og det gir oss motivasjon til å fortsetja å utvikla oss. Stord karateklubb er ikkje berre ein klubb; me er eit lag og ein familie som heiar på kvarandre og deler suksessane saman. Me ser fram til fleire slike arrangement, og me er stolte av å representera Stord og klubben vår! Blanka Mazik, trenar og utøvar

Publiseringsdato 17.03.2026




Sport