Klare for Bringserien!

Helga 4. og 5. oktober spelte Stord Handball J16 siste kvalifiseringsrunde til den nasjonale Bringserien for 16-åringar. Etter tre solide sigrar i kampar mot Askøy, Eidsvåg og Høyang i Eidsvåghallen i Bergen var saka klar; jentene skal spela Bringserien denne sesongen! Det er heile elleve år sidan Stord Handball sist hadde eit jentelag i den nasjonale serien, så dette var ein kjærkommen prestasjon for heile klubben. Jentene skal no ut i fire spelrundar og møter åtte lag frå heile landet. Me skal spela kampar i Oslo og Ålesund etter nyttår - men først skal me vera vertskap for den første Bringrunden lørdag 29. og søndag 30. november. Me håpar at mange tar turen opp i hallen for å støtta jentene mot Eidsberg laurdag og HK Rygge søndag. Stord J16 består av jenter fødde både i 2009 og 2010 og har Jonatan Gniste, Kristine Mikkelson Sæther, Mikael Søgaard og Aksel Sæther i trenar- og støtteapparatet. #viljesamhaldrespekt Aksel Sæther (trener og lagleder)

Publiseringsdato 15.11.2025




Sport