Stor meistring og glede
Subshore-akademiet er eit tiltak for dei som ynskjer ekstra fotball i kvardagen. Lørdag 7. mars var me i Subshore-akademiet på tur til Os. Dagens kamp var mot akademiet til Os. Begge laga stilte med 12- og 13-åringar. Etter 70 minutt med mykje fin og underhaldane fotball, fekk gutane ein velfortjent pizzapause, før dei tok turen ned igjen til banen for å heia fram Stord sitt A-lag som spelte treningskamp mot Os. Allereie tysdagen etter sette me kursen mot Haugesund. Denne gongen skulle 11- og 12-åringane få matching mot Vard-akademiet. Med totalt 26 spelarar frå Stord, Solid og Trott fekk me gjennomført fleire kjekke kamper. På heimreisa var det tydelig at samtlige følte på stor mestring og glede. Stord fotball
Publiseringsdato 16.03.2026