Solid J16 utan tap på Zinken Cup

Denne fine gjengen med 14-, 15- og 16-åringar frå Solid har vore i Odda i helga og spelt cup i J16-klassen. Her reiser laget med stor tropp og ønsker ha stor fokus på det sosiale i tillegg til det sportslige. Vêrgudane er ikkje heilt med oss og det er vanskelege forhold til å spela fotball me ønsker å spela. Jentene blir sett litt ut av komfortsonen, men viser enorm innsats, tilpassingsevne og lagmoral undervegs, som gjer at laget kjempar seg gjennom gruppespelet ubesigra og er klar for sluttspelet om søndagen. Sluttspelet bringer tre kamper og tre sigrar - der to av dei etter straffesparkdrama og nokre fantastiske prestasjonar av våre keeperar, som ikkje let seg eta opp av stresset. Jentene leverer med hjarte, vilje og kvar einaste gir det vesle ekstra som trengs, for at bøtta skal komma heim til Hustrudalen. Fantastisk! Treningsgruppa består av 25-26 ivrige spelarar, og alle dei som ikkje var med på tur denne gongen - er også ein stor del av prestasjonen i Odda 🏆 Alt dette vert bygt opp med arbeidet som blir lagt ned på treningsfeltet i all slags vêr opp mot fire-fem gonger per veke. Fantastisk gjeng å vera på tur med⚽️ Heia Solid J16 🎉 Norbert Sendela og Geir Raudtstein Aasheim, Solid fotball J16, trenar

Publiseringsdato 16.04.2026




Sport