TROTT VM-CUP med rekorddeltaking
Kva tid vann Brasil VM-finalen sist? Kan me handla i kiosken no? Ja, det var spørsmål som dukka opp i Nordbygdohallen laurdag 08.02.25, då Trott for andre året på rad arrangerte Trott VM-CUP for godt over 200 Trottjenter- og gutar i alderen 10-19 år. Frå morgonen til langt på kveld var det fullt liv og leven i ein festpynta Nordbygdohall, der spelarane gav alt for tilskodarane, kvarandre og «sin nasjon», med flagg måla i ansikta. VM CUP-komitéen, med Hanne Nesbø Haugland i førarsetet, hadde blanda kjønn og alder til jamne lag, og sett dei til å representera 13 ulike nasjonar, med kvar sin tildelte landslagssjef. Litt sommarfuglar i magen kjende ein del på, over det å spela på lag med nokre ukjende lagkameratar. Det er ein viktig del av føremålet med denne cupen; å bli betre kjende med kvarandre, på tvers av kjønn og alder i klubben. Det var ikkje berre borna og ungdomane som fekk høve til å knyta nærare band. Ungdomsstyret i klubben, foreldre og trenarar har samarbeida godt for å gjera dette til eit vellukka arrangement. Ein selde godsaker i kiosk, sytte for eit velfungerande sekretariat med orden på spelarar, kampar og dommarar, og hadde over snittet dyktige og engasjerte folk i «speaker-rolla», der kul musikk dundra ut av høgtalarane mellom slaga. I Trotthuset fekk dei yngste ha det kjekt i «Fair Play-Loungen», med leikar og aktivitetar. Dei yngste deltakarane i alderen 10-13 år var i sving første del av dagen og fekk cup-premie for innsatsen sin. Frå ettermiddagen og utover kvelden var det ungdomane sin tur, der det etter innleiande puljespel, vart eit spennande VM-sluttspel som enda med Brasil-seier i finalen mot Spania. Fair Play-pris gjekk til Veslemøy Hillestad og Jacob Mohr Østensen. Den siste songen som vart spela i Nordbygdohallen denne laurdagen var ikkje uventa: «We are the Champions» til vill ungdomsjubel. Songen gav gjenklang hos alle som bidrog. For ein festdag for fotball, samhald og glede. Takk til alle som kom og støtta opp om arrangementet. Merethe Framnes Steinsbø, trenar Trott J2012, medlem av arrangementskomiteen.
Publiseringsdato 11.02.2025
