Sterke prestasjonar i Kristiansand

Satsingsgruppa var på stemne i Kristiansand 24. til 26. januar. Takk for ei fin helg med ein motiverande og kjekk gjeng! Helga har vore ei flott oppleving for oss alle, og spesielt for våre sju flinke utøvarar Nora, Mille, Viktoria, Alex, Ask, Snorre og Sigurd. Dei deltok på Skagerak swim i Kristiansand, som er eit internasjonal svømmestemne med 50 meter basseng. Reisa til stemnet tok litt tid, men alt gjekk bra, og ungdommane kom trygt fram til Kristiansand. Etter me kom fram blei det tid til å pakka ut og slappa av på romma. Strålande innsats baud på spennande konkurransar, og absolutt alle viste høg sportsleg kvalitet gjennom heile stemnet. Det blei svømt mange imponerande tider i ulike øvingar, og svømmarane våre leverte mykje bra svømming, sterke prestasjonar, dei fleste var nøgde med sine prestasjonar. Nokon oppnådde personlege rekordar, medan andre kanskje ikkje heilt nådde sine mål, men me er veldig stolte av dei alle! På laurdag ettermiddag blei finalane svømt, og me gratulerer mykje både til Nora og Snorre, som kvalifiserte seg til finale. Stemninga var god, og utøvarane forlét stemnet med nye erfaringar og minner. Totalt sett var det ein suksess, og me alle såg fram til å delta igjen ved neste høve. Trenarane denne turen var Stein Klimek, Aleksander Ottesen og Zuzana Sadovska. Zuzana Sadovska, lagleiar.

Publiseringsdato 29.01.2025




Sport