Rekordstor deltaking frå Stord Turn
Heile 42 turnarar frå 6 til 15 år deltok på kretskonkurranse i Haugesund laurdag og søndag. For dei aller fleste var dette første spretten i konkurransesamanheng. Rekruttlaget som deltok i øvingane tumbling, trampett og frittståande vende heim att med tre pokalar i bagasjen. To fine tredjeplassar og ein fjerdeplass. Juniorane som deltok på søndagen vann førsteplassen i øvinga tumbling og sikra enno ein pokal til Stord Turn. Alt i alt ei veldig kjekk helg med mykje idrettsglede og sterke prestasjonar. Hovudtrenarane for dei spreke gymnastane er Hedda Haslum Myklebust og Mari Hillestad Aas. Bilettekst: Øvst frå venstre: Alida McDonnell, Liva Almås, Mathea Larsen Mæland, Isabella R Fagerheim, Henriette Landmark, Hedda Halleraker Westerheim, Synniva Litlabø, Tiril Hedin Henriksen, Olivia Fjellanger Johansen og Marie Lindeflaten Vold. Midtre rekke: Elena Magnussen, Mia Sætrevik Endal, Thelma Arneberget Andahl, Madel Kvalheim, Tora Ertresvåg Pedersen, Alva Louise Petterson, Othilie Horneland, Eva Hasholt Horneland, Ive Myklebust Valvatne og Sunniva Urdal. I tillegg deltok Erle Birkeland (ikkje på bilete). Nederst frå venstre: Ella Stenersen Nesse, Alesia Gutau, Else Nes Helland, Vilja Pettersen Engevik, Ella Lausen Breidvik, Tuva Størkson Aakre, Eline Aas, Carina Flatås Kvalnes, Ellen Nygård Lodden og Vilde Gjeraker Helland Fremst i spagat sit maskoten Lars. Foto: Renate Sjo Kvalheim Arnhild Myklebust, trenar Stord Turn
Publiseringsdato 18.02.2025
