Fossar framover
Helga 11. og 12. januar deltok Stord Undervannsklubb sitt juniorlag på undervassrugbyturnering i Molde. Dette var andre runde i Norgesserien for juniorar. Etter ein litt kjedeleg tredjeplass frå førre turnering heime på Stord, var laget klart for revansj.
Gjennom helga viste laget stor framgang og fekk til mykje bra samspel. Dei vann to av fire innleiande kampar, og etter imponerande innsats greidde laget å kvalifisera seg til finalespel. I finalen møtte dei Egersund Undervannsklubb. Sjølv om Egersund har vore ganske suverene dei to siste sesongane, let ikkje Stord-laget seg skremma. Dei kjempa hardt og hadde mange gode målsjansar, og det vart stor jubel då Severin Langaker endeleg sette eit mål for Stord.
Kampen enda til slutt 7 – 1 til Egersund, men Stord-spelarane er veldig godt nøgde med å ha spelt sin første finale. Dette gir eit lovande utgangspunkt for NM, som blir spelt første helga i april.
Det var nærare femti ungdommar i aksjon denne helga, og forbundsstyret i Norges Dykkeforbund hadde lagt møtet sitt til Molde same helg, for å sjå på og heia på laga. Etter siste kamp på laurdag utfordra forbundsstyret ungdommane til ein uformell kamp. Fleire av spelarane frå Stord deltok i denne kampen, og var med på å knusa både presidenten og dei andre i styret. Laurdag kveld var alle utøvarane samla til pizzafest på Idrettens hus i Molde. Her vart det tid til å sosialisera og verta betre kjende med dei andre laga, utanfor symjehallen.
Gunnhild og Rannveig Litlabø, trenarar Stord Undervannsklubb
Publiseringsdato 13.01.2025