Fin treningshelg på Avaldsnes

Det blei ei fin treningshelg for 19 jenter frå Stord sitt J16-lag i fotball på Karmøy denne helga. I fine forhold innandørs i Avaldsneshallen blei det tre gode treningsøkter. Laget fekk øvd på både tekniske ferdigheiter, smålagsspel og spel på stor bane. Fint å sjå framgang hjå enkeltspelarar og laget som heilskap. Flinke foreldre i støtteapparatet hjelpte til med frukost, lunsj og middag. Liv og røre med konkurransar og leikar på laurdagskvelden høyrer óg med. Kjekt å treffa og snakka med Rosenborg-spelar Hanna Dahl i hallen og sjå korleis ho trenar på eiga hand no før sesongoppkøyringa. Terping på teknikk, løpskraft og hurtighet er noko ein aldri blir ferdig med. Å møta toppspelarar er motiverende og inspirerande. I vekene som kjem ventar spel i vinterserien og nye treningar for Stord-jentene. Tusen takk til sponsorane våre for støtte til dei nye treningskleda. I tilleg ein stor takk for støtta til treningsleiren via prosjektet #Jentervilmeir Svein Ove Eikenes og Lars Peder Langeland (trenarar)

Publiseringsdato 12.01.2025




Sport