Minne for livet
Endeleg var helga komen, som jentene hadde sett fram til i lang tid. Voss var destinasjonen og laget var J11 frå Stord, helga 12. til 14. juni. Snacks, kampklede, Stord fotball-flagg, og ikkje minst ein eigenkomponert song, var mellom anna det som var med i bagasjen. Stemninga var på topp frå start til slutt! Me var nøgde med at me ikkje hadde kampar på fredagen, slik at me hadde god tid på å innlosjere oss på Skulestad skule. Klokka 07.00 gjekk alarmen laurdags morgon. Nokre jenter var allereie på veg opp av dei noko knirkete oppblåsbare madrassane. Me hadde program frå tidleg til seint, med den siste kampen klokka 19.00 på kvelden. Ein kunne merka at dette var den 35. utgåva av Voss cup. Heile helga var prega av rutinerte arrangørar. Saman med mange tusen spelarar og tilskodarar var Voss sentrum eit nydeleg vestlandsparadis med alle sine grøne kamparenaer. Mellom tap og vinn var det tid til sandvolleyballspeling, bading, utforsking og mykje sosialt. Me avslutta kvelden med pizza og pysjparty på skulen. Det vart noko seint i seng, som seg hør og bør på cup. Det var likevel ikkje vanskeleg å finna roen på puta etter mange timar med aktivitet. Søndag vakna me opp til 20 grader og sol. Vêret blei berre betre og betre gjennom heile helga! Me hadde god tid til å pakkea oss ut, gjennomføre nokre interne konkurransar og siste stopp i matsalen. Med éin kamp på søndagen, fekk ispengane bein å gå på. Sola steika, og det vart til og med heitt for publikum. Jentene forlét cupen utpå dagen med mange gode opplevingar, nye venskap og minne for livet! Slike overnattingscupar styrkar både enkeltspelarar og lagkjensla. Dette vil me gjera meir av! Tusen takk til trenarar og føresette. Øydis Ottesen, lagleiar
Publiseringsdato 17.06.2026