Langt å reisa, men verd turen

Denne helga har Linnea Eidesvik Monsen (13) frå Bømlo og Birgitte Rydland Sæbø (15) frå Fitjar vore i Arendal på sprangstevne for ponniar. Dei reiste ned torsdag og har konkurrert mot ponniar frå resten av Sør-Norge i tre dagar. Begge jentene rir ponni i kategori 2, dvs under 140 cm høg. Birgitte sin heiter Haugans Diva, Linnea sin heiter Tjernagels Chabella. Dei har stilt i klasse lett b og lett b +5. Birgitte rir for Indre Haugaland ryttersportklubb, Linnea rir for Tjernagel rideklubb. Resultata gjennom helga var ganske midt på treet, men jentene er godt fornøgde med både sin og ponniane sin innsats! Best gjorde Linnea det laurdagen då ho fekk med seg ein 2. plass, det var godt gjort! Dei syntest det var veldig kjekt å konkurrera mot rytterar frå mange forskjellige klubbar og å få prøva seg på vanskelegare banar enn det det er på vanlege distriktsstevne. Det er litt langt å reisa, både for rytter og ponni, men absolutt verd turen! Karen Elisabet Rydland Sæbø, mamma til Birgitte

Publiseringsdato 14.06.2026




Sport