Stord Juniorgolf på tur!
I helga var juniorane i Stord Golfklubb igjen på farten. Heile 14 juniorar tok turen til OLYO Junior Tour på Haugaland Golfklubb i Sveio laurdag. Trass i mykje nedbør den siste tida møtte dei ein flott, men krevjande bane. Vêret viste seg frå si beste side store delar av dagen, og juniorane fekk både utfordra seg sjølve og oppleva gleda ved å spela turnering saman med golfvener frå heile regionen. Det vart også levert mange gode resultat. Mellom anna spelte Sindre Trovåg i klassen 16–19 år og sikra seg ein sterk 6. plass blant heile 34 av regionen sine beste juniorgolfarar. Søndagen gjekk turen vidare til Nordvegen Golfklubb, der tre ivrige Stord-spelarar stilte til start. No gler både spelarar, foreldre og trenarar seg til neste OLYO Junior Tour, som blir arrangert på heimebane hos Stord Golfklubb 9. august. Lena Hartvigsen, Stord Golfklubb
Publiseringsdato 15.06.2026