Siste stemne før sommarferien

Det har etter kvart vorte ein fin tradisjon at symjarane frå Stord avsluttar vårsesongen med deltaking på AdO Cup i AdO Arena i Bergen. Stemnet samlar årleg utøvarar frå heile landet, og i år deltok nærare 600 symjarar. Stord IL symjegruppa stilte med sju ivrige utøvarar som alle fekk vist seg fram i 50-metersbassenget. Stord-symjarane leverte gode prestasjonar både på sprint- og lengre distansar. Det vart sett fleire personlege rekordar, noko som vitnar om jamn framgang og godt treningsarbeid gjennom sesongen. Særleg gledeleg var det at både Viktoria Psotova og Sigurd Ottesen kvalifiserte seg til finalesymjing. Viktoria imponerte på 50 meter butterfly, der ho svømte inn til ein solid 8. plass med tida 33,21. Sigurd leverte òg ei svært god finale på 100 meter bryst, der han forbetra tida si frå forsøket og slo inn på 1.26,02. Han enda på ein fin 7. plass. Etter eit vellukka stemne i Bergen står det no att eit par veker med trening i bassenget i kulturhuset før symjarane tek ein velfortent sommarpause. Allereie i august startar oppkøyringa til ein ny sesong, der både nye mål og nye prestasjonar ventar for den lovande symjegjengen frå Stord. Gunnhild Litlabø, foreldrekontakt

Publiseringsdato 14.06.2026




Sport