Vestkystcup
Judoklubb Stord deltok på Vestkystcup i Bergen i helga, med ein delegasjon av sju barn og ungdommar. Svært god innsats og mange gode kampar, der gutane våre vann dei fleste med flotte kast. Me hadde seks utøvarar i barneklassane. I den yngste klassen U9 deltok Tymur Polishko, Emil Stensletten Myhre og Vetle Storesætre Engen. I U13 hadde me med oss Victor Skoge, Adrian Stepanovs og Davyd Polishko. I ungdomsklassen U15 fekk Timian Aga Grønås og Davyd Polishko entra pallen og motta gullmedalje i kvar sin vektklasse. Kjetil Grønås, trenar
Publiseringsdato 23.05.2026