Stas å treffa fotball-stjerna frå Stord
Tuva, Norah, Linnea, Vilja, Agnes, Thea og Maria frå Trott J9 fekk ei kjekk oppleving då dei var i Bergen og såg Brann-Vålerenga i helga.
- Kva gler de dykk til?
- Me gler oss jo til kampen. Og så skal me få møta Olaug etterpå, sa jentene før kampen.
Over 50 personar var med på turen til Bergen, som «AlleMe» arrangerte, for å sjå toppkampen for kvinner.
«AlleMe» er eit samarbeidsprosjekt mellom Trott, Stord og Solid, for å hindra fråfall i fotballen.
Stemninga var på topp, og ekstra kjekt var det å få helsa på tidlegare Trott-spelar Olaug Tvedten etter kampen. Ho scora til og med sigersmålet.
Alexandra Tufteland, AlleMe
Publiseringsdato 05.11.2024