Suksess med jentecup

Solid/Stord sine jenter 13/14 har i helga arrangert cup på Solidbanen. Laurdag 16.11 var det duka for ein flott dag med fotball, med åtte spente lag i 13-årsklassen. Det siste året har me vore heldige og fått fleire nye jenter i spelerstaben, og målet for cupen var fotballglede, samhald, meistring og lagfølelse. 15 Solid-jenter var i sving på banen, resten av laget, og dessutan foreldre, bidrog sterkt med dugnadsinnsats i kiosk, planlegging, baking, rydding og alt som trengst for å gjennomføra ein slik cupdag. Vestlandet diska som forventa opp med allsidig vêr gjennom dagen, men det sette ingen stoppar for ei god cupoppleving. Smil, glede og mykje god fotball prega dagen, og Solid-jentene kom seg heilt til finale mot Vard. Der trakk Vard-jentene det lengste strået og skåra seiersmålet på slutten av siste ekstraomgang. Dei kunne dermed ta med seg den aller største pokalen heim. Alle lag får derimot terningkast seks for innsats og engasjement! Me takkar tilreisande lag; Trott, Vard, Halsnøy, Rosendal, Bremnes, Skjold, og dessutan Solid sine J12. Takk til sponsorar, dommarar, foreldre, støtteapparat, spelarar, publikum og matbutikkane i Sagvåg som alltid er behjelpelege med varer til kiosk. Dette var gøy! På vegner av heile støtteapparat i Solid J 13/14: Linda Skjærvold.

Publiseringsdato 18.11.2024




Sport