Judostemne på Hystad

Judoklubb Stord arrangerte stemne for barn og ungdom under 15 år laurdag 23. november. Totalt hadde klubben heile 22 deltakarar med. I tillegg kom det over 30 utøvarar frå andre klubbar - frå Bergen i nord til Sandnes i sør, noko som gjer dette til eit av dei største barnearrangementa i judoregion vest i 2024. Det vart trongt, men god stemning i gymsalen på Hystad skule. Dei yngste som deltok er enno ikkje fylt seks år. Det er veldig kjekt for trenarar og foreldre å oppleva innsatsen og idrettsgleda hos dei minste. I dei eldre klassane U11 og U13 hadde me meir røynde barn, der fleire har vore med på mange stemne før. Dei representerte klubben på ein framifrå måte, med gode kampar og fekk mange poeng med gode kast og haldegrep. To av 12-åringane våre, begge med lite konkurranseerfaring frå før, stilte også opp i ungdomsklassen U15. Lucas (I midten på siste biletet) klarte å vinna sølvmedaljen i sin vektklasse, medan Yagmur enda på ein sterk 4. plass i sitt aller første stemne. Kjetil Grønås, trenar

Publiseringsdato 24.11.2024




Sport