15-åringane vann cupen

Trott J15 har i år delteke i Rogalandscupen. Ein cup beståande av lag frå Haugalandet og Rogaland. Til saman har 20 lag delteke, og søndag 10. november var det duka for finale i Randaberg Arena. I tillegg til Dana-cup, har Rogalandscupen vore ein arena der Trott og Stord har samarbeida godt med hensikt å byggja relasjonar mellom jentene, på tvers av klubbane. Det er noko som har vore svært lærerikt for jentene. Suldalsbussen var leigd inn, og frakta jenter og supporterar ned til Randaberg Arena. Nærast som gamle kjende vart me tekne imot av vertskapet i hallen. Me gler oss til neste gjensyn. Etter å ha avslutta seriespelet med å spela feiande flott fotball, blei starten på kampen nærast som eit antiklimaks å rekna. Bjerkreim var meir til stades i alle spelet sine ulike falsettar. Trass i at Trott kom til to store sjansar i opningsminutta, kjempa Bjerkreim Nordbygdo-jentene ut av stilen. Etter ti minuttar pådrog Trott seg straffe, og hamna under 1-0. Etter dette hadde Bjerkreim fleire mogelegheiter til å utlikna. Heldige var Trott som kunne gå til pause med berre eitt mål i sekken. I andre omgang var det Trott som hadde overtaket, sjølv om det ikkje var veldig vakkert. Dei kjempa og stonga mot Bjerkreim, men utan å få ballen i mål. Det stod åtte min igjen på klokka, då den forløysande skåringa kom. Ein corner frå Mathilde Askeland-Larsen fann vegen til Stord-jenta Veslemøy Skulstad. Ho var ikkje nådig og fekk sett ballen i mål. Euforien stod i taket på Trottbenken, som i dag bestod av heile troppen, og vel som det. Same Skulstad fann like etter Anine Solbakken, som fekk nikka ballen over streken frå kloss hald. Trott var i leiinga. To min før slutt fekk Askeland-Larsen ein stikkar frå Elida Kallestadbakken, og fekk sett inn 3-1. Jentene er mellom anna serievinnar i pulja si i haust. Likevel vil nok Dana-cup saman med venene deira frå Stord J15, og Rogalandscupen, stå høgt på lista over høgdepunkt for sesongen. Magnar Larsen, i trenarteamet.

Publiseringsdato 12.11.2024




Sport