Cup-livet er gøy
Trott gutar 10 har hatt ei fantastisk helg på Etne-cup! Det var fin fotball, mange kjekke opplevingar og ein inkluderande gjeng med eit fantastisk samhald – både på og utanfor banen. Til tross for lite søvn og slitne bein, fekk dei ikkje nok av cup-livet: «Skulle ønska me skulle vera her ei veke», var kommentaren før heimreise på søndag. Tusen takk til trenarar, og til føresette som sov med gutane og var med som heiagjeng! Og takk til Etne-cup for eit strålande arrangement. Alexandra R. Tufteland, lagleiar
Publiseringsdato 19.06.2026