Nordisk suksess for Stord Karateklubb

Stor medaljefangst for Stord Karateklubb i Nordisk Meisterskap! 19. september deltok Kristoffer Mjøs Hansen, Blanka Mazik og David Davitkovski frå Stord Karateklubb i Nordisk Meisterskap i Bærum, og for ein fantastisk innsats det vart! Utøvarane våre har trena målretta og godt fram mot meisterskapen, og det harde arbeidet gav verkeleg resultat. Kristoffer leverte ein strålande konkurranse og sikra seg dobbelt gull! Han kan dermed kalla seg nordisk meister i både kata og kumite i eliteklassen 21–34 år. Kristoffer fekk også bestemannsprisen for ei fantastisk anerkjenning. Blanka kjempa seg inn til ein flott bronsemedalje i kumite for kvinner 18–20 år, medan David leverte sterkt i kata og tok med seg ein imponerande sølvmedalje i kata for gutar 16–17 år. Klubben var også representert på dommarsida, der Svein Grutle var med som dommar under meisterskapet. Resultata viser også kor viktig det gode treningsarbeidet i klubben er. Me er stolte av å kunna tilby treningar med høg kvalitet og dyktige, erfarne trenarar med høg fagleg kompetanse. Trenarane legg ned mykje tid og arbeid i å følgja opp utøvarane, både teknisk, fysisk og mentalt. Det gode treningsmiljøet og den målretta oppfølginga gir utøvarane våre eit svært godt grunnlag for å utvikla seg og prestera på høgt nivå. Det vart ei svært kjekk helg i Bærum, med gode prestasjonar, flotte opplevingar og ikkje minst ein stor medaljefangst for Stord Karateklubb. Me er svært stolte av innsatsen og arbeidet som er lagt ned fram mot meisterskapen. Gratulerer så mykje til Kristoffer, Blanka og David med fantastiske resultat. Blanka Mazik, Stord Karateklubb, trenar og utøvar

Publiseringsdato 23.09.2026




Sport