Ein heldig gjeng

Stord fotball sine G13 gutter var på Sør Cup og for eit eventyr det blei. 28 gutar stilte opp på tre lag og alle enda i A sluttspel. Eine laget kom til bronsefinale, men tapte dessverre knepent mot Trott. Så gratulerer til Trott G13. Gutane stilte ivrig opp som gode supportarar til Stord sine J13 og Trott G13. Elles er cup mykje meir enn fotball, det er tull og tøys, jenter, bading, rangling og gøy med venner. Mange gode fotballopplevingar, straffekonk og ikkje mindre enn ein haug med utsøkte mål. Helga baud på mykje og det var skikkeleg sommartemperatur alle dagene. Solkrem, parfyme (alt for mykje) og stinkande fotballsko lager gode minne for livet! Alle er enige om at cup er livet. Takk til alle foreldre som kunne møta opp, alle som jobba dugnad for at me kunne reisa, og ikkje minst dei kjekke sjåførane våre, trenarar og lagleiarar. Me er ein heldig gjeng! Mone Nilsen, lagleder Stord G13

Publiseringsdato 25.06.2026




Sport