Tre Stord-jenter i nasjonalt elitetiltak på Lillestrøm

Denne helga har Tilda Aas Langeland, Leanda Litlabø Eikenes og Elida Kallestadbakken vore ein del av FK Haugesund sitt 16-års lag og målt krefter mot fleire flinke jenter under nasjonalt elitetiltak i Lillestrøm. Turneringa samla ti sterke lag frå heile landet og blei gjennomført i eit Champions League-inspirert format. FK Haugesund leverte mykje fint spel. Til slutt enda laget på 2. plass av dei ti laga, etter å ha møtt Lyn, Stabæk, Tromsø og Rosenborg. Ein sterk prestasjon! Dei tre jentene som alle er med i damegruppa til Stord bidrog godt på og utanfor banen. Å få moglegheit til å spela saman med og bli kjend med andre ivrige jenter frå regionen, er motiverandre. Å møta sterk motstand er også kjekt - og gir eit løft inn i hausten. Stord Fotball

Publiseringsdato 27.09.2026




Sport