Reiste heim med dobbel heatsiger og meistertittel

Alfred Sjöström vart Vestlandsmester 2026 etter sterk sesong i Vest Cup. Sjöström leverte ei sterk avslutning under sjette runde av Vest Cup på motocrossbanen på Elgane. Med siger i begge heata i MX125 Junior sikra han seg eit sterkt samanlagt resultat i cupen, noko som førte til at han vart kåra til Vestlandsmester 2026. Sjöström hadde god flyt rundt motocrossbanen på Elgane denne laurdagen. Han heldt jamn og stabil fart gjennom dagen og leverte solid køyring då dei siste viktige poenga i Vest Cup skulle fordelast. I MX125 Junior køyrde Sjöström inn til førsteplass i det første heatet. I heat nummer to heldt han fram i same spor og tok nok ein siger. Dermed avslutta han runden på Elgane med resultatet 1–1. Dei gode resultata på Elgane bidrog til Sjöström sin sterke samanlagtplassering i Vest Cup 2026. Det var samanlagtresultatet gjennom cupen som sikra han tittelen som Vestlandsmester 2026 i MX125 Junior. Dermed kunne Sjöström avslutta Vest Cup-sesongen med både dobbel heatsiger på Elgane og ein meistertittel. Åshild Lagerstrøm Sjöström

Publiseringsdato 27.09.2026




Sport