Første cupen som blanda tropp
Lørdag 26.10 gjekk turen til Bergen og Oddvar Bjelde cup!
Fordelt i minibussen og niseteren til Stord Fotball sat 19 spelarar som var både gira og klare for ein kjekk dag med fotball i Vestlandshallen.
Dette var første cupen som blanda tropp, etter at Leirvik og Langeland for fullt slo seg saman til ei treningsgruppe i høst.
Med to lag gjekk kampane slag i slag, og dei som ikkje spelte stod på sidelinja og heia på lagkameratane.
Laga me møtte var: Øygarden, Smørås og Arna-Bjørnar x 2.
Gutane sto på og jobba godt; noko som resulterte i fem sigrar og eitt tap.
Med ivrige spelarar og flinke og engasjerte trenarar blei det ein flott cupdag for alle!
#meistringgledesamhald
Astrid Mikkelson, lagleiar Stord G2013
Publiseringsdato 28.10.2024