Suksess med basketgjestar

Publikum fekk eit forrykande basketshow då Frøya basket og Fyllingen Lions kom på besøk med sine BLNO-lag til Nordbygdohallen søndag. BLNO er den øvste ligaen for basket i Noreg, og det syntest på fokuset, intensiteten og spelet i treningskampen: spelarane sprong raskare, hoppa høgare, kjempa hardare, og dunka sterkare enn det me er vane med å sjå i den hallen. Før kampen fekk ungdommar frå Stord basket ei eksklusiv treningsøkt med spelarane frå Frøya basket. Det såg ut til å vera svært populært både hos ungdommane, og hos eliteseriespelarane frå Bergen. Dei var engasjerte i ungdommane sine øvingar, og viste god støtte under økta, men òg etter kampen då ungdommane slo seg laus på korgane i hallen. Kampen var prega av to lag som verkeleg villa vinna duellane, og det var jamt, med få poeng som skilde dei til godt over halvspelt kamp. Mot slutten av tredje periode, trakk likevel Fyllingen frå, leia an av mellom anna landslagsspelaren Bouna Black N´Diaye med totalt 19 poeng. Fyllingen vann til slutt 84-62 over Frøya. Arrangementet var ein stor suksess for rundt 100 publikumarar, to lag og dommarar som tok turen frå Bergen. Er me heldige, er det ikkje siste gongen det vert BLNO-nivå på basketspelet i Nordbygdohallen. Foto: Kristian Nicholls og Brage Titlestad. Hilde Zwaig Kolstad, Stord basket

Publiseringsdato 19.09.2024




Sport