Pokalfangst i Haugesund
Stord Turn sin juniortropp reiste heim med heile fem pokalar i bagasjen etter kretskonkurransen i Haugesund i helga. Turnarane deltok i seks øvingar og sikra seg pallplass i fem av dei. I konkurransen for juniorar hamna dei på første plass i øvinga tumbling og sikra seg andre plassen i øvinga trampett. I tevlinga for rekruttar fekk dei andre plass i tumbling og hamna øvst på pallen i frittståande.
Kretskonkurransen i Haugesund gjekk over to dagar og samla turnarar frå Stord i nord til Ålgård i sør.
Konkurranseturnarane som var i aksjon i helga var Mia Sætrevik Endal (14), Erle Birkeland (14), Ive Myklebust Valvatne (13), Tora Ertresvåg Pedersen (13), Elena Magnussen (13), Othilie Horneland (12) og Sunniva Urdal (12). I tillegg består troppen av Eva Hasholt Horneland (12), Madel Kvalheim (12) og Oline Kvalheim (14).
Trenarane til troppsgymnastane er Hedda Haslum Myklebust, Arnhild Myklebust og Karoline Frederich.
Arnhild Myklebust, trenar Stord Turn
Publiseringsdato 23.09.2024