Slo saman lag. Det fungerte godt

Stord G2015 er ei nyoppretta treningsgruppe, der me har slått saman laga ved Leirvik- og Langeland skule. I helga reiste me på vår første cup med blanda lag. Då det ikkje var plass til alle tre laga i 2015-klassen, måtte me melda på det eine laget i 2014-klassen (som spelar 7'ar-fotball). Denne utfordringa tok gutane på strak arm og gav tøff motstand til både Odda, Sauda og Vard Haugesund. Elles var det kjekt å få testa seg mot både Etne, Vindafjord og Stegaberg, som var nye motstandarar for oss. Etter ein månad med felles trening, fungerer gutane allereie godt i lag, og dei stiller opp for kvarandre. Blant resisefølget på 20 gutar, fekk over halvparten prøva seg som keeper i løpet av dagen. Dette blir ein gjeng å følgja med i fortsettelsen. Tusen takk til våre sponsorar som har gjort det mogleg å kjøpa inn treningsgenserar til alle i den nye gruppa. Desse varma godt då det regna som mest i Ølen. Christian Myklebust, Hovudtrenar Stord G2015

Publiseringsdato 02.10.2024




Sport