Sterkt av Stord-golfarar

Fem juniorar frå Stord Golfklubb deltok søndag på den siste Hytorc Juniortour-turneringa for sesongen, som vart arrangert på Sandnes Golfpark. Denne finaledagen vart markert med ei litt meir høgtideleg premieutdeling der deltakarane fekk sine velfortente gull- , sølv- og bronsepokalar for sine prestasjonar gjennom sesongen. Over 90 barn og ungdommar i alderen 6 til 19 år deltok på turneringa. Vêrforholda kunne knapt vore betre. Det var heilt vindstille, og etter at morgontåka forsvann, skein haust sola. Sandnes Golfklubb imponerte med eit fantastisk anlegg, der deltakarane også fekk prøve Toptracer Range, ein moderne teknologi som gjer det mogleg å spora ballen og analysera slaget. Dette var ei spennande oppleving for mange av spelarane. Henrik Bukkøy imponerte stort og sikra seg nok ein siger etter han fekk birdie på første omspelhol på hol 10. Med denne sigeren har han no heile fire førsteplassar på årets Hytorc Junior Tour. Vanvittig sterkt. Sesongen har vore utruleg givande for dei unge spelarane. Sjølv om reiseavstandane til turneringane tidvis har vore lange og utfordrande å koordinera, spesielt når spelarane har ulike starttider, har turane styrkt samhaldet i gruppa. Spelarane har ikkje berre blitt betre kjende med kvarandre, men også knytt vennskapsband med motspelarar frå andre klubbar i sine klassar. Dette er band som truleg vil vara i mange år framover. No går me inn i ein litt rolegare periode for juniorane, der fokus vil vera meir på teknisk utvikling. Planen framover er å gjennomføra regelmessige treningar både inne og ute. Lena Hartvigsen, Stord Golfklubb

Publiseringsdato 23.09.2024




Sport