Alt er duka for ei fantastisk cup-oppleving!

Tysdag morgon drog 35 fotballspelarar og 11 lagleiarar frå Solid og Stord J2010/2011 til den kanskje største helge-cupen i Norge. Med ein treningsleir på tre dagar i forkant av cupen. Dei siste åra har rundt 600-800 lag frå heile landet, samt frå Bosina-Hercegovina, Brasil, Danmark, England, Sverige og Zambia delteke i Sandarcupen. I 2023 deltok 614 lag. Årets påmeldingstal syner 762 lag. Ein busstur fylt med innslag av russemusikk hylande ut av den portable "lydboksen", latter og smil. Forventningene er høge, så no håpar me kvalfangarbyen leverer. Alt er duka for ein fantastisk cup-opplevelse! Steinar Koppang, trenar

Publiseringsdato 07.08.2024




Sport