Suksess på Sandar Cup med treningsleir

Tysdag 6. august klokka 07 om morgonen stod ein stor, spent gjeng frå Solid klar for å reisa til Sandefjord med stor buss for treningsleir fram til fredag, og Norges største helgecup laurdag og søndag. Reisefølgjet talte 35 spelarar fordelt på tre lag, eitt J14- og to J13- lag, samt åtte trenarar og lagleiarar. I tillegg kom mange foreldre, søsken og besteforeldre også over fjellet eller frå andre kantar av landet for å følgja jentene og heia dei fram i kampane. Vi vart innkvartert på Varden ungdomsskule i Sandefjord der flinke og knallkjekke Mike og gjengen gjorde alt dei kunne for at me skulle få kjekke dagar. Første treningsøkt var allereie tysdag ettermiddag på eit skikkeleg flott baneanlegg tilhøyrande Sandar idrettslag. Onsdag til fredag hadde me tilbod om to økter per dag, utanomsportsleg gjekk det mest i sosialt samvær, shopping, avslapping, og ikkje minst flørting - gleda var stor då vi hamna i «gutteetasjen». Fredag tok vi treningsfri for å lada opp til helgecupen, halve gruppa reiste til Tønsberg på shopping, lasertag og sightseeing, men resten ville bli igjen i Sandefjord. På kvelden venta eliteseriekamp (Sandefjord-Strømsgodset) med innmarsj/opningsseremoni for cupen som har imponerande 763 lag og tusenvis av deltakarar i sving ila helga. Laurdag var det endeleg duka for kampar, alle kjempa godt for drakta, masse godt spel og gode prestasjonar. Kvelden kom med eit forrykande cupshow der me blant anna endeleg fekk oppleva scoringssongen vår «Haaland» frå scenen. Søndag og sluttspel enda til slutt med finalesiger for to av laga. Stemninga på bussen heim var dermed redda. Stemninga vart endå betre då Langli Takst sponsa pizza på bussen til alle saman. Jentene køyrde allsong til langt ut i nattetimane på bussen. Takk til eksemplariske jenter for årets sommarcup, håpar alle sit igjen med gøye opplevingar, nye venskap og forsterka fotballglede. Steinar Koppang, trenar

Publiseringsdato 12.08.2024




Sport