Kjempa seg til bronsemedalje i NM

Juniorlaget til Stord Undervannsklubb vart historiske då dei vann bronsefinalen i årets junior-NM i undervassrugby. Aldri tidlegare har eit lag frå Stord tatt medalje i ein undervassrugby­konkurranse, verken for seniorar eller juniorar. NM vart arrangert i Ålesund helga 1. og 2. juni. Stord stilte med ti utøvarar i alderen 15-17 år. I tillegg til kampar var det også sett av tid til ei sosial samling med dei andre laga. I nydeleg sommarvêr spelte ungdommane sandvolleyball, bada, åt taco og vart betre kjende med kvarandre. Neste samlingspunkt vert sommarleiren i Skien, der både undervassrugby, fysisk aktivitet og sosialt samvær står på programmet. Gunnhild Litlabø, trenar

Publiseringsdato 04.06.2024




Sport