Første cup utanfor regionen

Fredag samla ein spent gjeng med håndballspelarar og foresatte på den gamle ferjekaien i Sagvåg. Rullande inn kom ein (sjølvsagt) knallrød turbuss. Solid handball var klare for sin første cup utanfor regionen. Ferda gjekk til Bø i Telemark og Sommerland cup. Reisefølget besto av 31 spelarar frå J/G13 og -12 lagene + eit overivrig reisefølge med trenarar, foresatte, søsken og besteforeldre. Det blei meldt om god stemning på bussturen med Bingo, Kahoot og allsang. I cupen var det mange lyspunkt og gode prestasjonar. Sportsleg kan ein dra fram at gutane kom til semifinalen. Kampane blei spelt på kunstgras inne i Telemarkshallen. Det var kort mellom Solidflagga og mange antok at det var langt fleire lag fra Solid som deltok. Veldig kjekt å treffe på Stord sine to J2011 lag. Her heia Solid og Stord på kvarandre. Det vart mange timar i Sommerland både lørdag og søndag til tross for ei svært regnfull helg. Seint søndag rulla bussen inn på ferjekaien og spente foresatte plukka opp ein flott gjeng med trøtte spelarar. Ein fin avslutning på ein super sesong. Takk til alle spelarar og foresatte for alle dugnadstimane og ikkje minst alle sponsorar. Maren Therese Mettälä-Larsson, Nestleder i Solid IL hovedstyre, inkludert men ikke begrenset til håndballentusiast, vikartrenar og håndballmamma

Publiseringsdato 17.06.2024




Sport