Solid G11 var på Voss Cup i helga 14.-16. juni!

Det var spente og glade utøvarar som reiste til sin første overnattingscup i helga. Me var heldige som fekk overnatta midt i cupsentrum, med gåavstand til det meste. Det var mykje folk og liv med heile 718 påmeldte lag og 1.426 spelte kampar. Laget spela fire gode kampar, med to tap, eitt uavgjort og éin siger. Jubelen stod i taket då sigeren kom i siste kamp! Elles har høgdepunkt vore bading i Vossabadet, discokveld, fritidsfotball ved skulen, snoping på butikken og sosialisering. Gutane har hatt mykje latter, kosa seg saman og knyta gode band for framtida! Takk for ein super tur! Helsing reiseleiar Jan Roar Hovland og trenar Roger Nerhus

Publiseringsdato 19.06.2024




Sport