Styrkte samhaldet og skapte minne for livet

Måndag 24. juni reiste juniorlaga til Stord Handball til Barcelona og Granollers Cup som ei flott avslutning på ein fin sesong. Dette er ei tradisjonsrik turnering som kombinerer handball og strandliv – noko som gjorde at fleire av familiane valde å bruka ein del av sommarferien sin som heiagjeng for flotte handballungdommar frå Stord. Turneringa er sør-Europas største internasjonale ungdomsturnering, med 464 lag og rundt 5.000 spelarar i sving i løpet av dei fire turneringsdagane i juni. Stord Handball stilte med 40 spelarar og trenarar og i tillegg over 30 familiemedlemmer i heiagjengen. Dette gjorde definitivt sitt til at me viste godt igjen under den spanske sola, med supporter-t-skjorter og rungande heiarop. Jentene gjorde ei god turnering og slo ut Storbritannia sitt OL-satsingslag i U19 i 1/16.-delsfinalen, men måtte gi tapt mot god spansk motstand i neste runde. Gutane fekk det tøft i møtet med offensiv og mannsmarkerande spansk handball, og blei slegne ut i gruppespelet på innbyrdes oppgjer. I tillegg til mange tette og kjekke kampar, fekk jentene og gutane brukt tida på stranda, på golfbana, i koselege gater i strandbyen Lloret de Mar, og ikkje minst på ein shopping-dag i Barcelona. Her var det noko for ein kvar smak, med andre ord. Etter ei innhaldsrik veke vende delegasjonen nasen heimover. Både store og små var skjønt einige om at dei hadde vore med på ei fantastisk veke, som har styrkt samhaldet og skapt minne for livet. Me er alle utruleg heldige som har tilhøyrsle til ein lagidrett som gjer det mogleg å få oppleva slike eventyr, og det er slike opplevingar ein tek med seg og kan sjå tilbake på med eit smil i lang tid framover. Til alle som var med; tusen takk for turen – det var ei sann glede! #viljesamhaldrespekt Aksel Sæther - trenar og reiseleiar

Publiseringsdato 03.07.2024




Sport