Mestring, samhald og glede
G11 frå Stord fotball Langeland var på Etne cup i helga. Cup-eventyr er magiske, og gutane med støtteapparat har hatt ei super cuphelg. Vel gjennomført cup av arrangør, ok vêr, god stemning og kjekke opplevingar oppsummerer helga. Laget fekk fem kampar; tre sigrar og to tap. Gutane fekk kjenna på mestring og glede, samt samhald som ein fin gjeng gjennom helga. Me er lukkeleg slitne og gler oss til neste år! Cup er gøy, noko alle bør vera ein del av. Takk til alle foreldre som stilte opp og takk til sponsorar for lag-genserar. Dei var kjekke å ha på cup.
Mone Nilsen, lagleiar/trenar
Publiseringsdato 16.06.2024