Cupeventyr på Voss
Stord J11 har i helga vore på eventyr på flotte Voss, for andre året på rad.
Dette var verkeleg eit vellukka arrangement, med svært mykje engasjerte dugnadskrefter i sving. Cupen var like magisk i år som i fjor!
Latter, (høg) musikk, godteri, venskap, opplevingar, GLITTER, «meistring, glede, samhald», og litt for lite søvn, oppsummerer helga greit. Soundboxen har fått kjørt seg, og maskoten «Bacon» har vore ein trofast (men litt uhamseleg) følgesven, og med på det meste.
Me har overnatta sentralt på Voss Gymnas, med alle fasilitetar rett i nærleiken, i motsetning til ifjor. Skuffelsen var eit faktum då jentene innsåg at dei ikkje fekk helsa på Kjell i år (bussjåføren dei blei så gode vener med fjor). Plasseringa i år var elles heilt topp.
Jentene har vore eksemplariske!
Me vil takka arrangørane bak Voss cup, dei fantastiske trenarane våre, uvurderlige foreldre, og dei kjekkaste jentene me fekk ha med oss på tur.
Me vil og takka sponsorane våre, som bidrog til at me kunne reise på cup, og til at me kunne kjøpe like overtrekksdraktar til heile laget.
Til slutt vil me benytta anledningen til å gi eit brennhett tips til alle lag som enda ikkje har vore på cup, og som skal overnatta i relativt nye, offentlege bygg for fyrste gong. Det viser seg nemleg, at det kan væra lurt å fysisk dekka til lyssensoren i taket før natta. Versågod.
Takk for oss Voss! Me er strålande nøgde!
Maria Hauge Bergseth, lagleiar Stord J11
Publiseringsdato 17.06.2024