Fotballtur til Os 16. mai

På fotballens nasjonaldag 16. mai vart G2015-laga til Stord, frå Leirvik og Langeland, inviterte av Os Fotball til deira heimebane Kuventræ i anledninga seriekamp mellom dei to klubbane sine seniorlag. I forkant av serieoppgjeret i 3.-divisjon vart det gjennomført ei mini-turnering mellom G2015-laga til Os og Stord. Stord mønstra eitt lag frå Leirvik skule og to lag frå Langeland skule som skulle ta opp kampen med osingane. Kvart lag fekk spela to kampar i strålande sol, mot heilt ny motstand. Os hadde laga eit fantastisk opplegg rundt våre kampar, med over 200 tilskodarar på tribunen, eigen speaker og musikk på anlegget. Etter kampen spanderte dei is og pølser i kiosken til alle Stord-gutane. Det heile vart avslutta med innmarsj til seniorkampen der alle dei involverte gutespelarane fekk vera med som maskotar, før me køyrde mot ferja tilbake til Stord. Opplevingar som dette er utviklande for våre gutar, både ferdigheitsmessig og ikkje minst sosialt. G2015 er ei flott gjeng som har det gøy i lag, både på og utanfor banen. Fram til no har Leirvik og Langeland skule trena kvar for seg, men frå 1. september slår me oss saman til éi stor treningsgruppe, som eit tiltak for å behalda flest mogeleg spelarar lengst mogeleg. Dersom nokon har lyst til å bli med oss er det berre å ta kontakt med Stord Fotball. Takk til Os Fotball v/Endre Brenne og deira 2015-lag for invitasjonen. Christian Myklebust, trenar Stord G2015 Leirvik

Publiseringsdato 20.05.2024




Sport