Jentefotballdag

Fitjar, Stord, Solid og Trott samarbeider godt om felles tiltak for fremje av fotballaktivitet for born. Eit konkret døme er at me den 13. april samla 32 jenter fødde i 2013 og elleve trenarar til jentefotballdag i Prestegardsskogen. Her fekk jentene ein heil dag med fotball, læring, sosialt samvær og fellesskap. Tiltaket var støtta av Sparebanken Vest sitt prosjekt «Jentervilmeir». Fotballkretsen ved Elise Barsnes var med og gav inspirasjon til jentene og oss trenarar gjennom dagen. Slikt bygger viktig fotballfellesskap mellom klubbane og jentene. Tage Båtsvik, trenar Trott J2013

Publiseringsdato 23.04.2024




Sport