Gullfangst på JKA nasjonalt meisterskap!

På laurdag den 27.04.24 var det JKA nasjonalt meisterskap i Bergen. Meisterskapet var meint for VM-uttak 2024. Verdsmeisterskapet er i Japan i år. Frå Stord KK deltok Kristoffer Mjøs Hansen og Henriette Alsaker. Begge to viste nok ein gong at dei meistrar karate på tatami-matta. Det blei ein lang dag i hallen og mange gode prestasjonar frå alle deltakarar. Kristoffer tok gull i kata 18+ og kumite 18+, som førte til at han fekk bestemannsprisen. Henriette gjekk diverre ikkje vidare til finale. Henriette vann fyrste runde og i andre runde tapte ho mot konkurransevinnar av dameklassen. Det blei gode resultat og prestasjonar av begge to. Kristoffer og Henriette viser god kvalitet, styrke og strategi i karaten sin. Me er heldige som har så gode deltakarar i klubben. Frå Stord KK deltok også Kjærland Sensei og Grutle Senpai som dommarar. Klubben gratulerer så mykje og me gler oss til fortsetjinga! Utruleg gøy å sjå stordabuar på pallen! Blanka Mazik, hjelpetrenar og utøvar

Publiseringsdato 29.04.2024




Sport