Judostemne i Sandnes
Laurdag 13. april var Judoklubb Stord på regionsmeisterskap i Sandnes, og før meisterskapen vart det arrangert barnestemne. Me hadde med oss Timian Aga Grønås, Victor Skoge, Håvard Netland Ljostveit, Anton Hjortland og Thea Loraine Engelsen. Alle gjorde det bra og vann nokre av kampane sine med flotte kast.
Seinare på dagen hadde me tre deltakarar i ungdomsklassane, som også gjorde ein god figur og enda med pallplasseringar, alle tre.
Kjetil Grønås, trenar
Publiseringsdato 16.04.2024