Stord GK juniorar på tur igjen
På søndag var det igjen tid for Hytorc Junior Tour, denne gongen på Jæren GK. Stord GK stilte med heile åtte spelarar denne runden, og dei gjorde ein strålande innsats alle saman. Sjølv om ikkje alle får synlege plasseringar, markerer me oss godt på resultatlistene. Me fekk til og med med oss ein førsteplass heim. Sindre Trovåg tok sigeren i nettoscore i klasse gutar 13-15 år. I bruttoscore i same klasse tok Stord 6.-, 7.- og 8.-plass! Henrik Bukkøy sikra 6.-plassen, Sindre Trovåg 7.-plassen og Jackob Østensen 8.-plassen. Det skal dei vere skikkeleg stolte av. Godt jobba!
Lars Tufteland Horde deltok i si aller første juniorturnering og gjorde det bra! I same klasse, utan offisiell plassering, spelte Emre Henriksen, Robin Skimmeland og Mathilde Notland som alle har god grunn til å vere fornøgde med innsatsen. Lowe Henriksen deltok i sin andre runde av Hytorc Tour og var strålande fornøgd. Det var nydeleg vêr og fine forhold, noko som gjorde det ekstra spennande å prøve ei ny bane. No gler me oss til Hytorc Tour kjem litt nærare oss, dei neste rundane er på Nordvegen og Haugaland GK i juni.
Lena Hartvigsen, Stord Golfklubb
Publiseringsdato 27.05.2024