Ivrige fotballjenter

I strålande vårvêr fekk 15 flinke fotballspelarar frå Sunnhordland vist seg fram på beste vis i Hordaland fotballkrets si årlege turnering. Turneringa gjekk føre seg på gode banar ved Åstveit i Bergen søndag 21. april. Jentene frå Sunnhordland fekk vist mykje fint spel og leverte tre fine kampar. I tillegg viste dei god lagånd og godt humør. Gjennom fleire samlingar i vinter og vår har jentene vore samla til treningar. Ein har vore i lag på Halsnøy, på Stord, på Avaldsnes og på Bømlo. Treningsøktene i Sone Sunnhordland går som oftast føre seg ein laurdag kvar månad, og er lagt opp med oppvarming, ulike øvingar kring eit bestemt tema og spel kor ein ønskjer å få fram ulike læringsmoment. Samlingane er første steget inn mot kretslaget, og for nokre, vegen til landslaget. I Sone Sunnhordland har ein hatt kjente spelarar som har gått heile vegen, til dømes Olaug Tvedten, Cille Nilsen, Ida Mortensen Natvik, Ida Holm Neset og Heidi Steinsbø Halbmayr. Sonetilbodet startar kvart år med fotballskule kor alle klubbane i Sunnhordland melder inn ivrige og motiverte spelarar. Dei siste åra har rundt 100 jenter og gutar frå heile Sunnhordland delteke på fotballskulen tidleg på nyåret. Etterpå fotballskulen har ein tatt ut ei gruppe på rundt 45-50 spelarar for vidare samlingar. Sone Sunnhordland er eitt av fleire spelarutviklingstiltak i Hordaland fotballkrets, og inngår som ein del av Norges fotballforbund si satsing «Landslagsskolen». Det er viktig å merka seg at unge spelarar har ulik utvikling, og bodskapet frå fotballkretsen er at ein må sjå heilskapen i alle si utvikling. Det viktigaste blir såleis å møtast på tvers av mange klubbar, få trena og øva i lag med andre ivrige jenter og gutar. Eit anna mål med sonetreningane er at spelarane får påfyll og inspirasjon som ein kan ta med seg tilbake i klubbkvardagen og eigentreninga. Svein Ove Eikenes, soneansvarleg Sone Sunnhordland

Publiseringsdato 21.04.2024




Sport